Ein far, ei dotter og kampen for livet.
15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votten.
I «Skredet» blir lesaren med på faren si desperate leiting etter dottera og Adinas kamp for livet, men også ein utruleg innsats frå både frivillige og profesjonelle som gjer alt for å redde livet til den unge kvinna.
«Skredet» er ei dramatisk og rørande historie om ein kamp for livet i vill natur med frivillige heltar og dyktige hundar. Finst det noko betre i det norske samfunnet enn folk som stiller opp for andre, som brukar fritid og eigne pengar for å redde liv? Korleis gjekk det eigentleg med redningsoperasjonen på Haugastøl og alle dei seks skigåarane? Korleis blei livet etterpå – for far, turvener, hjelparar og ikkje minst for Adina?