Solis , med undertittelen dikt song, er den niande boka i lyrikksjangeren frå Hanne Aga
(f. 1947). Hanne Aga debuterte med diktsamlinga Skjering med lys i 1981, og fekk Blix-prisen i 1990. Forfattaren har samarbeida med ei rekkje andre kunstnarar i poesifilm, poesikonsertar, musikk og danseframsyningar, no sist i den sceniske framføringa Et anna lys eit anna vatn i eit samarbeid med Stellaris danseteater.
Solis tek ei klar retning frå korthogne, biletmetta og nesten subjektlause dikt, fram til eit poetisk subjekt, som bryt ut i lengre, rytmiske dikt og stig fram som ein sjåar. Den manande bilet-talen etablerer eit overtydande poetisk univers.
Eg villeja eg villespringe bruersprenge netterEg ville finneein dagi din munn