Ei magisk barnebok frå Jon Fosse
Nei å nei, sa den vesle spelejenta. Eg kjem meg visst ikkje vidare, sa ho, og augo hennar vart våte. Eit fjell er imellom meg og far min, sa ho.
Jon Fosse har endeleg skrive ny barnebok! Denne gongen har han skrive eit eventyr om ei synsk spelejente. Spelejenta ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. Ho møter mange utfordringar på vegen, og då blir fela god å ha med.
Spelejenta er ei magisk bok for ung og gammal, med nydelege illustrasjonar av Øyvind Torseter.