Fartsfylte og lettlesne fakta!
Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Kva heiter den raskaste greske guden? Og kor fort svømmer eigentleg eit menneske – i forhold til ein hai?
Dette er ei bok om det å vere rask. Her møter vi raske fuglar, tog, menneske og planetar. Og ein får tenkt igjennom: Er det alltid best å vere rask? Boka har mange spennande og morosame fakta, og artige, fartsfylte illustrasjonar.
Superrask er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Les også:
Supersterk
Supersmart
Leseland. FAKTA. Nivå 3.