Hovland skriv om ungdommens lengsel og brunst, puling, uløyseleg kjærleikssorg, festar på dei gråaste hyblane i byen, langpils, politiske kranglar, fyll, tungsinn, ablegøyer og bakrus. Hovudpersonen slentrar tafatt inn i dei mest absurde og underhaldande bakevjer.
Han møter den legendariske fylliken, musikaren og kommunisten Dr. Munk, ein person som aldri har skitpreiket og bannskapen langt unna.
Midt i mylderet av svart humor, livsglede og vanvit lever hovudpersonane eit rakrygga liv der politikken, erotikken og – ikkje minst – musikken speler ei sentral rolle.