Les og lær meir om bevisstheitsforskar Johan Frederik Storm, som forklarar teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt.
Temaartiklar om islam og korleis det er å vere ung muslim i Noreg i dag ved Assad Nasir, Lars Akerhaug, Fatema Al-Musawi og Nils Hallvard Korsvoll.
Lena Ramberg i samtale med Aleksander Bern om aktivisme mot plassering av upopulære velferdstenester i eigen bakgard.
Lars Lien skriv om «jøden» som konspiratør i norsk dagspresse, og Ingar Sletten Kolloen tek seks stopp i diktinga og livet til Tor Jonsson, som ville vore 100 år i år.
«På skulen til dotter mi får dei ikkje lov til å kalle seg bestevener», skriv Monica Bjermeland, og kva drøymer unge asylsøkarar om, undrar fotograf Aleksander Andersen.
Kva vil det seie å vere snill, spør redaktør Knut Aastad Bråten om i leiaren sin.
Og museumsmann Per Magnus Finnanger Sandsmark tek oss med inn i museumsmagasina.
Og som ikkje det skulle vere nok: Flu Hartberg teiknar vidare på folket på Nakkeskotseter.