Mediekritikk og økosystem, homokamp og alkohol.
Stor samtale med den anonyme faktasjekkaren Doremus Schafer, temaartiklar om sikkerheitspolitikk ved ekspertane Minda Holm, Svein Melby, Robert Mood og Bård Vegar Solhjell. Ida Habbestad har snakka med professor Fredrik Engelstad om maktstrukturane i dag. Biologar meiner at vi er inne i ei sjette masseutdøying, skriv Anne Sverdrup-Thygeson. Medan Runar Jordåen skriv vakkert om arktisk homokamp i Nord-Troms på 1920-talet. Karl Egil Johansen går i djupna på fråhaldsrørsla i USA, Urd Vindenes skriv om ommøblering i grammatikken, medan Jon Hellesnes spør kva nasjonalisme i røynda er. Skribent Alice Gudheim og fotograf Anne-Marte Før drog til Bygdin Høyfjellshotell i jakta etter nostalgien. Og som om ikkje det skulle vere nok: Gjesteteiknar Siri Dokken teiknar notidssamfunnet med eit syrleg blikk.