Lang samtale med leiar i Nei til EU Kathrine Kleveland og leiaren i Europabevegelsen Jan Erik Grindheim, som snakkar om EU og debatten som aldri kjem. Temaartiklar om feminisme ved Katrine Sele, Jørgen Lorentzen, Merete Thomassen og Eva Løveid Mølster. Noreg er den sjette største våpeneksportøren i verda. Denne verksemda medfører ei rekke moralske problemstillingar, meiner Tove Lie, som blir intervjua av Ida Habbestad. Twitter-dronning Esther Moe skriv om kjenslene – og at det nokre gonger blir for mange av dei, medan Sirianne Dahlum skriv om demokratiet og at det ikkje alltid er ein garanti for økonomiske ulikskapar. Tilrådinga denne gongen kjem frå riksantikvar Jørn Holme, som har forelska seg i dei norske ruinane.
… og noko til!