Danis dreg vekslar på den psykologiske dramatradisjonen så vel som eldre forteljartradisjonar med tydelege spor av kanadisk natur og urfolktradisjon. Dramatikken hans har mellom anna fått merkelappen minneteater. Danis skildrar ofte karakterar plaga av kaos og minne frå tragiske hendingar som prøver å forsone seg med ei samtidig verd som har mista sine symbolske landemerke.
Dette er første gongen denne unike dramatikken blir presentert i bokform på norsk, og omsetjar Margunn Vikingstad har samla tre av dei viktigaste stykka til Daniel Danis: I auga til steinhundar, Songen om Seie-Seiaren og Oske av stein.