Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.
Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp.
Mødre skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept og kva er å gi opp? Tung tids tale er ein sterk historie om å vere foreldre til eit funksjonshemma barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.
Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med “Få meg på, for faen” i 2005. Boka braut tabuar knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket “Stort og stygt” tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre for første gong. Med “Tung tids tale” bryt ho igjen tabuer, denne gong med ein uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.