Emissæren Matthias J. Danielsen vier derimot sitt liv til Gud, men trur ikkje på han. Forsøka hans på å tvinge hjertet sitt til tru har ein annleis djevelskap ved seg, ein djevelskap som kjem fram i illgjerningar, valdtekter og mord.
U- er eit mektig epos og dristig, eksperimentell litteratur. Det har i seg både færøysk og europeisk historie, dokumentar og fiksjon, nøkternt kvardagsspråk og absurd surrealisme. Carl Johan Jensen (f. 1957) er kjend forfattar, skribent og bokmeldar på Færøyane, og fire av verka hans, inkludert U-, har vore nominerte til Nordisk Råds litteraturpris.
Omsett av Lars Moa.