I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråveret hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinna vevar ei forteljing, utanfor tid, der håp kjempar mot sorg og undergang. Catherine Blaavinge Bjørnevogs debutbok tar lesaren inn i eit mørkt univers, prega av folklore og mytologi. Dikta utmerkar seg gjennom eit heilt særeige språk, som kan minne om gammalnorsk og ymse norske målføre. Dei skapar ein suggererande rytme, som byssar og lullar og sørger.
Catherine Blaavinge Bjørnevog (f. 1975) er bildekunstnar, og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.