Unni og Gunni ser på huset.
– Me burde på ein måte fått litt farge på det, seier Unni.
– Einig, seier Gunni.
– Me malar! ropar Unni.
Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar? Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult – det blir vel fint, kan du tru!
Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs.