Etter å ha fått strålande mottaking for Varselet og Maskerade kjem Magnhild Bruheim med ein ny kriminalroman. Denne gongen er handlinga lagt til 70-talet, og politietterforskar Mons Strand må reise til ei lita bygd for å oppklare ei drapssak.
Ein mannleg lærar døyr når huset hans brenn ned. Kona hans har tidlegare skulda han for mishandling, og granskinga viser at ho har vore innblanda i brannulykker før. Men andre kan også ha hatt motiv for å drepe han. Fleire har grunn til å teie om fortida, og skuld og uskuld er ikkje alltid lett å skilje. Mot eit bakteppe av kvinnefrigjering og politisk bevisstgjering avdekkjer Strand ei historie der mange er noko anna enn dei gir seg ut for å vere.