Stein og Storm har sjansen til å komme med på juniorlandslaget som skal delta i den europeiske fotballmeisterskapen i Barcelona! Samstundes skal Kick ’69 spele Champions League-finale i same byen. For å bli valde må gutane vise kva dei kan på banen. Er dei gode nok?
Under treningsleiren kjem Stein og Storm på sporet av ein dopingskandale, som vennene deira også blir dregne inn i. Dei vil avsløre dei skuldige, men gjer dei det, risikerer dei også å miste si eiga deltaking i meisterskapen.
Les også:
Kampen om pokalen
Farleg spel
Gerard van Gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken av fotball, og då han var liten drøymde han om å bli fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane.
Frå nederlandsk ved Anne Lande Peters.