Hannes er tilbake i den svenske småbyen Falköping, etter eit mislykka opphald i Stockholm. Kristian døyver sorga etter farens død med å ete til det gjer vondt. Frippe held alle svika for seg sjølv, både sine eigne og dei andre sine. Og Stig, han held berre kjeft.
I kveld skal dei gå på den same utestaden som vanleg, drikke seg like fulle og prate om akkurat dei same meiningslause tinga som laurdagen før. I morgon kjem ingenting til å vere det same.
Frå svensk ved Ingelin Røssland.