Det skapte både forundring, forarging og frygd då Elfriede Jelinek i 2004 blei tildelt Nobelprisen i litteratur, for hennar «musikalske straum av røyster og motrøyster (…) som avslører dei absurde klisjeane i samfunnet».
Hos Jelinek er det liksom språket sjølv som taler, i dei seinare stykka hennar i eit slag redigert monologisk stream of consiousness. I så måte skil hennar dramatikk seg markert frå den tradisjonelle dramatiske diktinga, og kvar einskild instruktør må så å seie skape sitt eige stykke på grunnlag av Jelineks språkflaum.
Elfriede Jelineks dikting er grunna hennar særeigne språklege musikalitet svært vanskeleg å setje om, men Oskar Vistdal har på meisterleg vis klart å føre Jelineks diktarlege særpreg over til norsk.
Frå tysk ved Oskar Vistdal.